Famile sida Famile sida

Olav og Janets plass på Internett



Gutta På Tur til Langvatn i Bykle Kommune

Som vanleg er gutta også i 2004:
Torgeir T. Bjørnarå
Olav H. Rygnestad.
Klikk her for: 2001 turen  |   2002 turen  |   2003 turen

Ruta vår vist på kart:
(kart frå www.norgestkartet.no)

Torgeir gjer klar båten.
Båt på Mjåvatn

Tidleg på morgonen (kl. 7:30) den 16nde Juli møttest me på hytta til Torgeir. Hytta ligg på Hovden i Bykle Kommune. Målet den dagen var Langvasshytta - hytta til Øystein Sauro i Notodden.

Me var heldige og fekk låne båten i Mjåvatn også. Det er lettare å ro enn å gå til Myrkjønn kvæven innest i Mjåvatn.

Olav tek ein pust i bakken opp til Sloaros.
Til fots opp til Sloaros

Så gjekk turen vidare opp frå Myrkvæven - med mykje motbakk. Turen var lang inn til Sloaros hytta.

Det er Turistforeininga som driv Sloaroshytta, men det var altså ikkje målet vårt på denne turen.... me skulle vidare - langt vidare innover i fjellheimen!
Endeleg framme på Sloaros.
Torgeir tek ein pust i bakken opp til Sloaros.

Ruta frå Sloaros til gruva:
(kart frå www.bykle.kommune.no/Kart.aspx)

Torgeir framme på Langvassbui.
Vidare til Langvatn

Turen inn til Langvatn var dryg men me klarte det og viste slik at det er ein del spenst att i oss!! Me kom fram klokka 16:00 og då smaka det godt med mat og ein god Gammel Dansk. Då kjende me oss som fjellet's vandrarar. Før me la oss, sette me ut to fiskegarn. Veret var så tåleg godt utan vind.

Me låg til klokka 8:00 neste morgon og tok oss god til til å nyte morgonmaten. Slik skal det vere når ein er på heietur! Me var også heldige og fekk ein del fisk over natta. Godt med steika fisk til morgonmat!!! Det smaka særdeles godt.
Fiskelykke i Langvatn.
Torgeir kokkar i Langvassbui.

Ruta inn til Skutesteinen:
(kart frå www.bykle.kommune.no/Kart.aspx)

Stien gjeng mot Skutesteinen.
Storhedderen og Skutesteinen

Me la også turen innom Storhedderen og Skutesteinen. Storhedderen er ei hule ein kan søke ly i og Skutesteinen er ein 8 meter høg kjempestein. Gjennom tidene har jegarar søkt ly og brukt terrenget til å gøyme seg i under reinsdyrjakta. Det fins også fleire dyregraver i området. Området er også kjent for bergkunst (runer).

Det var så koseleg at me tok ein god pause og steikte litt meir av fisken me hadde. Det vart eit festmåltid for slitne gutar!
Torgeir inn under Skutesteinen.
Pause på Storhedderen med meir steikt fisk.

Muren til Hotellet ved Langvatn.
Vandring i gamalt gruveområde

Langvassgruva produserte molybden i tidsperioden mellom 1910 og 1919. I området kan ein sjå husmurar, dam med vassrenne til kraftverk/ vaskeri, mura kjøreveger, gruveganger, og fleire dagbrot. Me fann også mykje skrapmetall - alt frå små panel og hjul til gedigne røyr.

Ein kan lese meir om gruvearbeidet og livet på den tida i Bykle Kultursoge (Knut Gjerden 1993).
Ein dam mura med naturstein for gruvedrifta.
Skrapmetall omkring Langvassgruva.


















... litt meir skrapmetall ...

Pustepause nær Jyvassfjøddi.
Turen heimatt

Så var det på tida å snu nasen heimover. Me la turen om Jyvasslega. Legene var frå gamle dagar då folk brødfødde seg på jakt og fangst. Ein kan finne gamle fangst klenodier både her og der. Der er mange steinleger omkring på Jyvassfjøddi - nokre stend oppe endå og andre har falle saman. No ser dei berre ut som haugar av stein.
Torgeir undersøker ein haug med nedrasa stein nær Juvassnuten.
Olav lurar på kva han har funne?


















Truleg frå jakt og fangst.

Velberga tilbake ved Mjåvatn.
Etter kvart kom me oss ned att til Mjåvatn der båten stod og venta. Me rodde oss heimatt og kom velberga tilbake til austenden av Mjåvatn. Endeleg kunne me sette oss i bilane våre og køyre i staden for å gå. Det var ein gama men slitsam tur.

TAKK FOR TUREN!

Olav H. Rygnestad
Torgeir T. Bjørnarå
2004



Familie sida Familie sida
Tilbake  |   Toppen av Sida  |   Framover

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera october 2024