Olav og Janets plass på InternettGutta På Tur
Gutta er:
Torgeir T. Bjørnarå Olav H. Rygnestad. Klikk her for: 2002 turen | 2003 turen | 2004 turen Etter mange år der vi ikkje hadde den nære kontakta, skulle vi vekke gamle minne til live frå vår barndoms grøne dal, Bjørnarådalen. Som gutar vandra vi jamt på tur der. Målet har alltid vore jakt, fisking og gama turar. Her hadde vi våre beste opplevingar på så mange måtar. Den 28. juli i 2001 møttest vi på Bjørnarå - derheime - kl.8.00. Vi var klare for å friske opp i minna. Veret var på sitt aller beste, og målet var å ta Bjørnarådalen på kryss og tvers. Planen var å nytte Grønelihytta som overnatting plass. Vi merka at tida hadde fare frå oss på så mange måtar. Kvernhusi vart granska nøye. Det var her far til Torgeir døydde den 2 mai i 1941. Dette la ein dempar på sinnet. Etterkvart kom vi kom til vegdelet der ein kan ta snarvegen til Bjørnarå. Det er vegsynt den dag i dag. Truleg er det elgen som bruker vegen mest i dag. Så kom vi til Råsi og Krobakk. Vegen opp kleivi er god å gange. Truleg er det Bjørnaråane som har rydda for busk og kratt. Neire og evre Nystøylsbakkane var som dei alltid har vori - lette å gange på. Men vi kunne ikkje sjå Nystøyls tupti. Gjennom tidene har busk og kratt løynt han for oss. Åne buldra å gav oss den rette stemninga, men Fossegrinen såg vi ikkje. Vegen opp til Løyningsdalen var godt synleg, men då vi skulle ein sving opp til Løyningsstøylen vart det heller drygt å gange. Ved Løkjen var den tid for kaffirus så kaffilars kom på bålet, den jemen kan bare opplevast og ikkje forklarast - og visast på bilete. Dessverre drukna fotoapparatet her, og dermed vart det bare eitt bilete på denne turen. Det var ein stor skuffelse. Å vere slepphendt kan føre til så mykje. Då me kom til Løkjen var den ikkje til å kjenne att! Bjoren hadde vore flittig dambygjar så no var det ei lita tjern der!!! Langt om lenge fekk vi fart på undersottane og satte atter ein gong kurs for Løyningsstøylen. Først kom vi til bui under Løyningslii, her har Magnhild og Torgeir B. ei gåmo bu (Tvijyve). Det såg ut som om dei skulle take vare på bui, dei er flinke til å passe på det gamle. Bui på stølen er flytta heim til Bjørnarå, det var bare att grunnmuren her. Torgeir som veit kva ein kan finne der såg fram til å drikke godt kjeldevatn i oppkoma ved støylen. Hedderen var Torgeir spent på, kva var att av der? Her hadde dei leika då dei var små. Torgeir tykte den var liten no, men det er nok karen som har vakse frå han. Vi fekk plass i han med berre ein om gonga! Det låg forskjellege ting i hedderen - heilt tilbake frå 1945-50 åra. Minna strøymde på for Torgeir. Vi gjekk tilbake til Bekkjedalen mot Listølsfossen og Listøl, her fann vi ein del restar etter buine. Vi gjekk også om Røyrtveit og såg på krigsminni med bunkarar. Medan vi granska dei nøye tykte vi det var utruleg at tyskarane bygde dei så langt inne i dalen. Der er også bunkarar mura av gråstein i lia under Storeli. Han er ikkje så lett å finne lenger for mykje busk og kratt har løynt han. På sørsida av åne er der også krigsminne som vi heller må granske til sommaren 2003. Her hadde dei også rydda ei gate i Røyrtveitslii. Sitat frå Gunnar Myro Bjørnarå: "Det var vondt om dei vene Røyrtveitsliian." Vidare for vi om Fossen - Håvtekkja og Kjetilsbu. Av desse var det bare minne att. Vi følte at her mangla det noko viktig og ei vemodig kjensle kom over oss. Naturen tek det meste tilbake, men den storslegne Storeli er overveldande med Bjønnediki og Gauksto øverst. Det var på tide å kome seg vidare. Vi vassa over åne, med kurs mot Slumsstøyl, dette var støylen dei "der heime" helst bruka. Magnhild og Torgeir B. har restaurera alle bygningane og no har støylen det rette miljø att. Etter eitt kaffirus til, og tilogmed ein liten høneblund, våga vi oss ut på Magnhilds moltemyr. Det var noko for tidleg, men me fekk smake på moltene likevel. Håper det vart att nok til moltekrem derheime i joli. Tida for og vegen var lang til Grøneli. For om Haugefit - Dalebakk - Blautegrjot - Borkebu - Tveitva mot Øybø. Både mot og krefter minka, men vi manna oss opp til seiste krafttak mot Bjørnevatn. Vi kunne kjenne at vi ikkje var 20 sumrar lenger. Likevel fekk vi fekk vist at det var att noko sisu likevel! På Grøneli venta "nossmaten" og god drikke, sjeldan har pilsen smaka så godt. Vi kom oss tidleg under fellen for vi merka at turen hadde vorte lang. Sundagsmorgon (29. juli) vakna vi til ein varm og fin dag. Bitået vart av dei lange, med oppsummering og plan for neste års "gutta-på-tur". Valet vart Ljosådalen, der Torgeir hadde vori i lag med Olav Lunden og Knut Myro på 1950-talet. Eg har ikkje vori der før, men ynskje mitt stod øvst på lista. Vi sette av ei helg i juli - eller august månad neste år. Janet henta oss med bil og vi skilde lag på Bjørnarå. Takk for turen Torgeir, vi sjåast i 2002! Det gjorde godt både for kropp og sjel. Venskap må haldast vedlike.
Olav H. Rygnestad
Web design av
Hild Rygnestad
|