Famile sida Famile sida

Olav og Janets plass på Internett



Gutta På Tur i Ljosådalen



Gutta er også i år:
Torgeir T. Bjørnarå
Olav H. Rygnestad.
Klikk her for: 2001 turen  |   2003 turen  |   2004 turen

Me hadde avtala at me skulle møtast ved brua. Datoen var 02.08.02, og me var på veg inn Ljosådalen. Olav og eg hadde tala om denne turen ei stund og gledde oss veldig. Me fekk greie på at hytta ved Ljosåvatnet var ulest, Blekkhytta, og me hadde tenkt å liggje der.

Dalen er lang og dryg, og somme stader kan det vere vanskeleg å take seg fram. Det var grei og tydeleg veg til Rossåsen. Her nørde vi opp eld og koka kaffi. Det smaka godt med rosinkake og honning. Olav måtte drikke av kasserollen, men som han sa: "Store kara må have store koppar".

Store kara må ha store koppar.

Etter ei lang og god kvild la me i veg att. Me såg på kartet og fann ut at det kunne passe med neste matpause ved Ljosådalsgarden.

Kaffekos - Ljosådalsgarden. Ljosådalsgarden.
Ljosådalsgarden. Jakthytta til Olav Dale i Ljosådalen.

Det var ikkje mykje me visste om Ljosådalsgarden, men ein gong for lengje sidan hadde det budd folk langt inne i dalen, og me ville sjå om me fann merkje etter bustaden. Det var langt og vegen var mange stader ganske utydeleg, men brått visste me at her var det. Det var ei ganske stor slette ut mot åne under ei bratt li. Me fann fort fram til staden der husa hadde stått. Det såg ut som der hadde vore 2 buplassar. Det var rart å tenkje på at det hadde budd folk her. Det var nok mykje slit og strev.

Før me reiste vidare koka me kaffi og hadde ei god matkvild. Neste stopp nå var "Blekkhytta".

Me måtte vasse over Ljosådalsåne.

Det var eit drygt stykkje ennå til me var framme ved Ljosåvatnet. Vegen var vanskeleg ein stad, me måtte gjennom ei stor ur like før me kom til vatnet.

Men endeleg såg me hytta. Den ligg eit godt stykkje opp i lia, ganske høgt over vatnet. Hytta var liti og enkel, men grei nok for oss - tykte me.

Blekkhytta i Ljosådalen.

Dagen etter ville me prøve fiskelukka i Ljosåvatnet, og kanskje gå ein tur vestover mot Trongen.

Det var overskya og småregn då me gjekk ned til vatnet andre dagen. Me fiska med sluk. Då me hadde fiska ei stund og kome eit stykke vestover, begynte fisken å bite. Fisken var fin og me var vel nøgde med fangsten, men dagen gjekk fort og snart var det tid til å gå attende til hytta.

Fiskelykke i Ljosådalsvatnet.

Der steikte me ei dugeleg panne med fisk, og det smaka godt etter ein lang dag ute.

I 1953 skreiv Torgeir namnet sitt på veggen. Torgeir steiker fisk.

Dagen etter (04.08) var det heimreise. Me stod opp ganske tidleg og var samde om at me skulle gå Slurvedalen heim. Turen heim gjekk fort. Me hadde matkvild ved Ljosådalsgarden, men gjekk så i eitt til me kom til parkeringsplassen.

Vi var samde om å planlegge ein ny tur til neste år. TAKK FOR TUREN!

Vestenden av Ljosådalsvatnet. Takk for turen!



Torgeir T. Bjørnarå
februar 2003



Familie sida Familie sida
Tilbake  |   Toppen av Sida  |   Framover

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera october 2024