Famile sida Famile sida

Olav og Janets plass på Internett



Gutta På Tur i Bjørnarådalen



Gutta er også i år:
Torgeir T. Bjørnarå
Olav H. Rygnestad.
Klikk her for: 2001 turen  |   2002 turen  |   2004 turen

Sundag 22 juni etterforska me atter ein gong vår barndoms dal - Bjørnarådalen.

Dette var ein spanande tur for oss for det ser ut til at Bjørnarådalen gøymer på mykje spanande frå farne tider. Me starta frå Bjørnarå der heime og veret var det aller beste ein kunne vente.

Første målet på turen var Hedderen under Gangreifjødde. Me oppdaga denne plassen på turen vår i 2001, og no ville me tilbake for å granske meir. Hedderen ligg rett opp for heimre delen av Løkjen (Løyningsdalen). Olav T. Bjørnarå meinte dette kunne vere ein plass gjetarane bruka søke ly for uveret.

Torgeir finn noko som kan vere ei lita grind i Hedderen. Torgeir ser at bokstavane H.T.D.B er rissa inn i trematerialet.

I Hedderen fann me rester av noko som kunne likne ei lita grind sett i hop med trenaglar. Kva kunne dette vere? Var det restar av ei fangsfelle eller eit krigsminne frå 1940-45? Korkje Torgeir T. Bjørnarå, Jorunn Vike eller Olav T. Bjørnarå visste noko om dette. På grinda var det rissa med kniv H.T.D.B og 1863 eller 68. Det måtte vere Hæge Tarjeisdotter Bjørnarå (fødd 1832 og gift med Torgrim Homme i 1863) som har skriva namnet sitt. Torgeir T. og Torgeir B. Bjørnarå vil hente dette heim til Bjørnarå ved eit seinare høve. Kanskje nokon kan finne ut kva dette er? Utanfor Hedderen var der også ein del stein som truleg hadde vorte mura opp til eit lite kryp-inn.

Olav finn ein brendt bjørkekubbe som kan vere merke etter eit bål i Hedderen.

Videre bar det til Røyrtveit der me vassa over åi. Torgeir meinte at der var fleire krigsminne på sørsida - mellom anna ei kanonstilling. Nokre få hundre meter opp i lia fann me 2 stillingar. Dei var ikkje lette å finne for der er mykje bjørkekratt og granskog. Dei låg der som dei var folatt i 1945.

Torgeir og Olav finn ein kanonstillingar på Røyrtveit på sørsida av åi i Bjørnarådalen.

Me skilde lag på Bjørnarå der heime etter ein god kaffimunn i lag med Magnhild og Torgeir. Det vart ein vellukka tur på mange måtar.

TAKK FOR TUREN!

Som vanleg planlegg me ein tur til neste år også. Årets tur til Storhedderen i juli vart avlyst på grunn av regn og skodde. Kanskje tek me den turen i 2004?

Olav H. Rygnestad
Torgeir T. Bjørnarå
september 2003



Familie sida Familie sida
Tilbake  |   Toppen av Sida  |   Framover

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera october 2024