Velkommen til rygnestad.net slektstre



GRÅMANNSLEKTA
av Olav M Holen

GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

(klikk her for full versjon in PDF-format)

OLAV O. RYGNESTAD (y.)

Olav Olavsson Rygnestad, f. 1876, d. 1951, g. 1901 med
Jorunn Knutsdotter Tveiten, f. 1879, d. 1940

Born:

  1. Ingebjørg, f. 1902, g. 1927 med Olav Gunnarson Holen, f. 1899. (Holen, Myri, bnr.1)
  2. Angjerd, f. 1904, g. 1927 med Odd Pålsson Byklum, f. 1909. Byklum, (Holti, bnr. 4)
  3. Gyro, f. 1909, g. 1940 med Bjørgulv Folkeson Nesland, f. 1909. (Nesland, Viki, bnr. 4)
  4. Helga, f. 1911, d. 1987, ug.
  5. Gyro, f. 1912, g. 1939 med Mikkel Olavson Holen, f. 1912.( Holen, Der oppe, bnr. 2)
  6. Birgit, f. 1913, d. 1916

I "Sju brør" hev Tarald Nomeland ein presentasjon av gofa Rygnestad, som eg kalla han:

Han fekk småbruket Aareholti av far sin og vart alltid sidan nemnd Olav Aareholti eller Aareholten. Av vokster var han den minste av brørne. Han var roleg og stillfarande, smånøgd og smånøtande ( klara seg med lite), ein gruvlar og filosof, ein Sokratestype.

Mang ein vinter låg han på heia og fanga ryper. I si einsemd om kveldane grubla han over religionen og over mennesket og livsens gåter. Han hadde meiningar om det meste.


Gofa vart av brørne sine rekna som den mest gåverike, ifylgje Stigand (Torjus Åkre ), som skreiv minneord om han. Gofa fekk også tilbod om å gange lærarskulen, men han avslo. Han sa at dei som var veikhelsa heller kunne på skular. Han som var sterk og arbeidsglad, kunne vere bonde. Dessutan var han for glad i å stelle med jordi, og han elska det frie livet i skogen og heiane, så han valde slitet. Han fekk overta eit lite småbruk, Heimre Aareholti, og her klarte han å skaffe levebrød til den etter kvart store familien sin. Han dyrka opp det som var mogeleg å dyrke. Om vintrane låg han ved Bjørnevatn og sette snarer. Det vart sagt at det var ingen som fekk så mykje rjuper som han.


Mamme fortalde at ein gong heldt det på å gange gale. Det vart ei skodde så han ikkje visste kor han var, og mørkret fall på..Han ynskte berre å leggje seg i fonni, men tanken på kone og dei seks smågjentene han hadde heime , gav han krefter.Ei heil natt gjekk han rundt og rundt ein stor stein - heilt til morgonen kom og han kjende seg att.


I "Jol i Setesdal 2002" skreiv Olav O. Holen eit stykke om vår felles gofa: "Olav Åreholti, minne om ein ekte Setesdøl". Her skriv han så fint om gofa:

Han fann så lett noko å glede seg over. Når det galdt naturen kunne han vise ei barnsleg glede over den første blomen om våren, over trekkfuglane som alltid kom attende, over underet som låg gøymt i kvar ny vår. Han vart aldri ferdig med å undre seg over skaparverket.

Det var viktig å leite etter dei gode tingi, det som kunne gjere dagane lette. Eg minnest serleg korleis gofa kunne hyggje seg - når dagen var slutt - over det arbeidet som var gjort. Også når helsa svikta og han ikkje lenger kunne makte så mykje, kunne han glede seg over det vesle han greidde. "Kunsten er å sjå det store i det små ", sa han so jamt.

Torjus Åkre skreiv minneord om han då han døydde i 1951 med tittelen "Trufast slitar, diktar og filosof". Der skreiv han mellom anna:

Men Olav grov seg ikkje berre ned i matstræv og slit. Han las alt han kunne kome over, bøker og blad , då visst Bibelen, og han eigna til seg eit friskt og vidsynt religiøst livssyn. Og slik han lærde, slik levde han. Difor let han etter seg berre vener og ljose minne.

Han fylgde godt med i alt som hende både heime og ute, og gjorde seg opp si eiga meining om ymse straumdrag og spørsmål som var oppe i tida.


Om hans religiøse ståstad og hans livssyn skriv Olav O. Holen:

Det er snautt at han vart rekna med i kristenflokken, slik folk flest forstod det. Mange tykte han var for frilynd. Om ein plasserte han som gruntvigianer, var ein vel ikkje langt unna sanninga. Han kunne forsvare dans og folkeviseleik, berre det gjekk sømeleg for seg, og det var det ikkje alle som kunne godta. Men kristentrui hans var djup og ekte, og han fann dagleg trøyst i henne.

Han var glad i å lese, serleg glad var han i historie. Han kunne sin Snorre omtrent på fingrane. Bibelen hadde han og lesi mange gonger. Han var særleg interessert i gamalt, tru og overtru, segn og soge, gamal sed og skikk.

Eg veit snautt eit emne som han ikkje var med å diskuterte. Kom det folk innom - og det gjorde det jamt - kom røda på glid. Alt etter kven som kom, kunne samtalen handle om politikk, om livssyn, om nyhende heime og ute, eller om gamle rispor og hermer, eller om karstykke dersom rette mannen kom innom.

Menneskesynet var stort sett ljost. Han valde å stole på folk, og ein kunne sjå han gledde seg når det gjekk godt for folk.

Gods og gull var ikkje det han hadde mest av, men dei pengane han hadde skulle brukast rett. Noko skulle alltid legjast til sides, slik at ein kunne greie seg om noko ekstra kom på. Og det var alltid nokon som hadde det verre som kunne trengje ei hjelpande hand i blant.

Bror hans, Svein Rygnestad i Bykle skreiv så ven ei song til han på 65-årsdagen til tona "Blant alle lande":


Av mine brødre i sø og vest
stend Aareholten mitt hjarta nest.
Ja djupt der inne eg gøymer minne
til augo brest.

Om mykje motgang du heve mødt,
og tunge tankar deg heve grøtt.
Alt hev du bori, og endå vori
den same stødt.

Um noko møter, so veit du råd,
og alt du sei' er å tenkje på.
For klokskap hev du, og lærdom gjev du
til stor' og små.

So mange år hev me vor' i lag,
tenk, sekstifem fyller du i dag.
I leik og gaman so var me saman
i lyd og lag.

Ja, Gud velsigne deg kor du fer,
og når du reisa skal slutte her,
so vil eg beda, du æveleg gleda
må finna der.

Byklum, 24. mai 1941

Som dei andre brørne sine var også gofa skrivefør. Han hadde eit vart poetisk sinn som kom til uttrykk i dikt, stev og songar. Diverre er nok mykje av det komi bort, men i "Sæbyggjen syng" er han representert med tvo tekster. Det er hans Sætesdalssong og diktet " Eg elskar deg du vene hei".

Som nemt var gofa ein mann som las og tenkte mykje. Han hadde eit vidt interessefelt og så vidt eg kan skjøne var han ein rasjonell mann. Han trudde likevel fullt og fast på tussar og underjordiske, rett og slett fordi han hadde sett dei opptil fleire gonger.

I eit av årsskrifta for Agder Historielag skreiv Torjus Aakre ein artikkel om tussane og tussetru. Der vart gofa nemnt som den siste i dalen som hadde sett tussane. Ja, ikkje berre tussar, men òg tussekyr. Heile livet var han overtydd om at dei underjordiske var til. Eg hugsar sjølv at han fortalde om det han hadde sett. Det var små gråkledde menn og kyrne var også små og grå.

At folk såg dei underjordiske både tidt og ofte har vorti forklåra med overtru kombinert med god fantasi. Gamlelensmannen Juel Lund hadde ei anna interessant forklåring. Han meinte at det folk hadde trudd var tussar og tussekyr rett og slett kunne ha vori lappar med reinsdyr. Frå 1850-talet og utover var det tamreinflokkar i fjellområdi her, og ofte var det lappar som gjætte dyri. Det som gofa var sikker på at han hadde sett, kunne godt vere lappar med reinsdyr.

Diverre er det ikkje så mykje eg minnest etter gofa. Eg var berre 8 år då han døydde. Det var heller ikkje tidt me kunne ta den lange reisafrå Nordbygdi til Rygnestad. Eg var der berre tvo gonger som eg kan minnest.Eg minnest det som ei lang og omstendeleg reise.

Bussen kom til Svingen, eg trur det var halv sjau. Papa måtte allstødt ha rikeleg tid, så me måtte rise opp lenge før klokka var fem. Og så var det bussturen etter svingute vegar; eg minnest eg vart bilsjuk og spydde. Me steig av i Lunden i Oveinang og gjekk snarvegen opp Røne. Eg var altfor liten til å få noko større minne etter gofa, men eg minnest godt at han fortalde soger om dei underjordiske.

Sumaren 1950, året før han døydde, kom han på besøk til oss medan me var på støylen. Då skar han namnet sitt over mjølkhusdøri. Så krank og krøkt som han var alt då, var det ein prestasjon at han klara å take seg fram på den tunge og steinutte støylsvegen.

Eg minnest så vel den kvelden han kom. Eg såg han kom nordover Støylemidjom. Eg var då 7 år og hadde teki fatt på å slå støylen medan dei andre heldt på å slå heime. Eg nøytte meg med å finne fram stuttorvet mitt og slo på harde livet då han kom stigande. Det gjekk som eg hadde venta, han stansa og skrytte av kor fæl ein slåttekar eg alt hadde vorti.

Å KRØKJE SYDDI I BYKLE

Den fyrste som gifte seg i Bykle var eldstedottera Ingebjørg som vart gift i Myri Holen i 1927. Det vart mange ungar som kom svært tett og til slutt kom eit tvillingpar, Knut og Jorunn. Det vart travelt for Ingebjørg, og både mamme (Lisle-Gyro ) og Store-Gyro var i periodar på Holen for å hjelpe til. Såleis vart mamme kjend med papa på nabogarden, og i 1939 vart det giftarmål. Året etter vart det brudlaup på nydyrkingsbruket i Viki, på sørsida av Bossvatnet, rett ovanfor Nesland.

Gofa Rygnestad var sjølvsagt i det brudlaupet. Som Gråmannen var gofa kjend for å vere vissordig (god til å få sagt det). I brudlaupet kom han med eit utsagn som seinare vart mykje hermt:

"Eg gjev meg ikkje før eg hev krøkt syddi i Bykle".

Med det meinte han at han venta på at den fjerde dotteri også vart gift i Bykle, noko som vart ein realitet då Angjerd gifte seg med Odd Pålsson Byklum i 1945.

Det er ikkje så mange nolevande menneske som veit kva det er å krøkje syddi. Det er difor naudsynt med ei forklåring:

Syddi er dei fire fyrste stokkane i eit tømmerhus. Når dei vart hogne til, kunne dei krøkjast isaman, og så hadde ein det fyrste stokkeradet; då hadde ein krøkt syddi.

Gofa vart 75 år. Dei siste åri var han mykje krank etter alt det tunge slitet han hadde hatt. Våren 1951 vart han liggjande. Då var det godt han hadde dotteri, Helga, til å hjelpe seg. Han var like klår til det siste. Medan han låg på sotteseng, skreiv han eit siste stev.

Eg ser for meg at han låg der med opi glas og høyrde på fuglesongen og lydde til bruset frå Rygnestadåne.

Våren kjem med so mange minne.
Det bryt og brenne så hardt her inne.
Med fuglesong og med sus frå å,
det er som ei blanding av lått og gråt.

No er det att å fortelje om dei tri yngste gutane, i Systog Rygnestad, Åsmund, Bjørgulv og Aanund. I motsetnad til dei fyrste fire gutane veit eg lite, stort sett berre det som stend i Valleboki.



Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera 29 april 2022