ÅSMUND O. RYGNESTAD
Jorånd Hallvardsdotter Røysland, Utistog, f. 1890, d. 1969,
g. 1924 med Åsmund Olavsson Rygnestad, f. 1882, d. 1963
Born:
- Ingebjørg, f. 1925, g. 1949 med Dreng Torsson Lunden, f. 1905 (Lunden,Valle)
- Olav, f. 1926, d. 1927
- Olav, f. 1928, g. 1958 med Inger Margrethe Vibe, Trondheim, f. 1930 (Trondheim)
- Hallvard, f. 1928, g. 1967 med Gunhild Knutsdotter Lunden, Bykle, f. 1937 ( Røysland)
Som brørne Svein og Bjørgulv fekk han au høve til å gange lærarskule. Ifylje "Bygdebokskrifter frå Valle og Hylestad" gjekk han Notodden Lærarskule 1901-1904. Etter det var han framhaldsskulelærar i Hornnes, uvisst kor lenge. Så fekk han lærarposten i Oveinang der han var lærar i ca. 30 år.
I Oveinang var det på den tid store årskull, og på vestsida var det framleis umgangsskule. Skulen var då på "skjeldteli" rundt om på gardane, som sikkert var kalde og trkkfulle.Torjus Aakre skriv at det gav han ein helseknekk , so han gjekk av med invalidepensjon i 1934.Han vart rekna som ein dugande lærar som var flink til å få borni med seg.
Han hadde mykje av dei same interessene som dei andre brørne sine. Han var med då det vart skipa eit frilyndt ungdomslag i Oveinang, og dei fekk jamvel bygt eit ungdomshus. Både der og i det kristelege ungdomslaget i Valle vart han bruka som foredragshaldarar. Han var og av dei som sende inn små stykkje til "Agder Tidend". Det var helst tradisjonsstoff han skreiv om. Han skreiv og dikt og songar, men det er uvisst kor mykje som no er teke vare på. I "Sæbyggjen syng", er han representera med eit dikt som heiter "På Hægeberg".
Han hadde såleis mykje av same interessene som fleire av brørne sine, men eg trur ikkje han hadde same format som dei. Han var lite eller inkje med i styr og stell i bygdi, men han var, - som mange andre valldølar - engasjert på høgresida i det politiske landskapet på den tidi. Han melde seg og huslyden inn i NS, og det er sagt at han var ein overtydd NS-mann. Det fekk han bøte for etter krigen då han fekk ei heller stor bot.
Åsmund fekk kaupe Utistog av bror til kona.
Utistog var eit lite bruk på Røysland som i 1905 vart skilt ut frå Utigard Røysland. Bror til Jorånd som hadde bruket ,flutte i 1927 med familien sin til Øvrebø, og Jorånd og Bjørgulv fekk kaupe eigedomen og flutte dit i 1928. Det var ikkje store eigedomen, så det var nok ikkje mykje å leve av. Som dei andre brørne var han truleg flink med pengar, for han klara å kaupe meir jord og skog, m.a. ein skogteig i Flatelandslidi.
Det var nok ikkje med lett hjarta han slutta i skulen. Torleiv Løyland på Flateland hugsar at medan han gjekk i skule på femtitalet, var det rett som det var at Åsmund sat i skulestova og høyrde på undervisningi.
Jorånd var av same slekti som fyrste kona til Gråmannen, Margit Hallvardsdotter Utigard Røysland. Ho var syster til gofa til Jorånd.
Jorånd hadde ni syskin; tvo av dei reiste til Amerika, Olav og Tarjei. Tarjei vart utkalla i den fyrste verdskrigen og han fall ved slaget ved Marne i Frankrike. Bjørgulv Austad hev dikta ei song om Tarjei, som var mykje brukt her i dalen. Han legg ordi i munnen på "Vallegjente".
Eg kan minnest at mamme song så jamt brotstykkjer av denne songen.
Til Torgeir Røyslands minne
Eg sit på Einang og kring meg skodar,
og foss og fuglesong tyt og ljodar.
Eg sit og grundar og græt og syng,
i bragd av blomar og lauv og lyng.
Ein ungdoms lagnad seg ymist vender,
ein gaar 'kje at for det tunge hender.
For um ein trur seg i kjærleik fest,
er det tidt at fagraste voni brest.
Ja - voni brast! Eg stend att åleine.
med berre minni - dei ljose, reine,
um guten min som var tru som jord,
mot meg og heimen, mot far og mor.
Han ville ut for aa lukka finne.
På dei i eino han laut meg minne.
Og di so drog han i vesterveg
med ljose voner for seg og meg.
Til franske slaglina vart han kalla,
kven kunne tru det mot gravi halla.
Men fallen er han i Marne-slag
i kamp for storheimens nye dag.
Den heiderskransen som av eg sender,
han kan 'kje berast av menneskehender.
For det er hugen og åndi mi,
om usynleg sviv yver gravi di.
Gud signe deg , der du ligg og kviler!
Ditt minne livslengdi um meg liver.
For du var trugen mot lov og land,
so du livet let paa ei onnor strand.
Ja, vedmodstaaror dei moge renne
Og soga um deg ,seg inn vil brenne!
Det er tungt, men ingi fortvila sut;
for du fall med ære, min staute gut!
|