Velkommen til rygnestad.net slektstre



GRÅMANNSLEKTA
av Olav M Holen

GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

(klikk her for full versjon in PDF-format)

OLAV O. RYGNESTAD (e.)

Gyro Hallvardsdotter Rygnestad, Uppistog, f. 1879, d. 1963
g. 1896 med Olav Olavsson Rygnestad, f. 1866, d. 1939

Born:

  1. Olav, f. 1899, d. 1904
  2. Sigrid, f. 1902, g. 1944 med Augund Torgrimson Flateland, f. 1901 .(Flateland)
  3. Olav, f. 1904, g. 1933 med Gyro Kjetilsdotter Rike, f. 1893. (Systog Rygnestad)
  4. Hallvard, f. 1907, g. 1935 med Kristi Torgrimsdotter Homme, f. 1909. (Mosby)
  5. Knut, f. 1909 g. med Inger Dorthea Mathilde Hoel, (Trondheim)
  6. Ingebjørg, f. 1911, g. 1947 med Dreng Pålsson Brokka, f. 1904 . (Brokka, Valle)
  7. Kjetil, f. 1916, g. med Marie Hovik.(Frøya)

Han vart gift med dotter åt grannen i Uppistog, Gyro Hallvardsdotter, i 1870. Ho var odelsgjente til Uppistog, så dei hadde då tvo gardar. Olav vart sidan alltid kalla Olav Uppistog ,sidan dei budde der.

Han var lik mor si av natur, roleg, klok og hjelpsam. Folk som trong råd og rettleiding kom til Olav, og han hjelpte. Han hjelpte så mykje at faren vart hyrren (irritert) på han: "Du gjer deg til fant for fillefolk", sa han ein gong til han (Tarald Nomeland: "Sju brør").

Tarald Nomeland skeiv minneord om han:

Han ville gjerne ha gått skulevegen,men foreldra ville ikkje lata odelsguten gå skulevegen. Så måtte han tileigne seg kunnskapane og lærdomen på eigen hand ved lesing og tenkjing. Og han vart ein sers tenksam og etter måten kunnskapsrik bonde, dertil framstegshuga og vidsynt.

33 år gamal kom han med i heradsstyret og var med i om lag 30 år. Han var levande interessert i skulen, og arbeidde all si tid for å gjere den så god som han trudde heradet hadde råd til. Både i heradsstyret og skulestyret var han støtt mellom dei som ville framover. I lang tid var han skulestyreformann, dertil forliksmann, skjønnsmann, domsmann, likningsmann m.m.

Elles var han ein strevsam bonde, hadde to gardar å stuke med, var mykje interessert i ættesoge, bygdesoge og folkeminne. I blad og tidsskrifter skreiv han ymist gamalt frå Valle og gav sjølv ut eit lite skrift om Vonde-Åsmund Rygnestad. Han hadde eit framifrå minne, og var vel den i Valle som kunne mest av gamle segner og soger, men det meste gjekk vel i grava med han, for det var etter måten lite han rakk å skrive ned.

Personleg var Olav ein snill og greisam bonde som hadde få uvener, rettenkjande og stillfarande,grei i omgjenge med andre, sers morosam å røde med, vidsynt, kunnskapsrik, tenksam og skjemtesam som han var.

Han kunne dei gamle sogene om Vonde-Åsmund, og det var fyrst og fremst han, Olaf Bennecke brukte som informant då han skreiv romantrilogien om Vonde-Åsmund på 1920-talet (De bønder av Råbyggelag, Knekten Mundius og Rygnestadgutten). Men Bennecke tykte visst ikkje det var noko grunn til å nemne kven han hadde det ifrå.

Men i "Agder Tidend" 20. august 1930 hadde Olaf Benneche ein artikkel om Olav O. Rygnestad. Der skreiv han om korleis trilogien om Vonde-Åsmund vart til. Han hadde skrive dei tvo fyrste bøkene og skulle til med den tredje boki.

I utgangspunktet hadde han berre tenkt å skrive ei skildring av setesdalsk middelalder.Hans fyrste informant var Gamle-Dreng Bjørnaraasom fortalde ein del om Vond-Åsmund. Etterkvart vart han meir og meir fasinert av Vonde-Åsmund-skikkelsen. Han høyrde at Olav O. Rygnestad var den personen som visste mest om Vonde-Åsmund. Sjølv ætta han frå Åsmund gjennom mori, og han kunne betre enn andre desse eventyrlege sogene som var knytta til han.

Dette var sumaren 1930. Alle folk var på støylen og slo, Olav låg på Tyrvestøyl ved Bjørnevatn og slo. Saman med kameraten sin, Ludvig Guldbrandsen, bror til kona til Lars Osa, og ein yngre vitskapsmann, - la dei innover heidi. Dei heldt til på Bjørnevasshytta, men om kveldane var dei på Tørvestøyl og fekk Olav til å fortelje. Olav var 64 år, og var nok trøytt etter slitet om dagen, men dette kvikka han opp.

Om desse kveldane skreiv Olaf Benneche:

Den kvelden ved Tøreviki har jeg titt og ofte tenkt tilbake paa. Kvelden var saa skjøn, en følte likesom evigheten var nær. Begrepet tid svandt bort. Det blev som de hendingene Olav berettet om, kunde ha hendt igaar, som om Aasmund, Hæge og Sissel ennu vandret over heia. Og Olav kunde fortelle! Med sitt rolige velklingende maal, og knappe, klare setninger. Saa klar og grei en utsikt over de heienes topografi skulle en aldri ha hørt. Han rullet heia op for ens blikk som et kart.

Olav var ikkje berre sogemann, han var som brørne sine også god til å formulere seg skrifteleg. Men tidi strokk ikkje til. I tillegg til å drive tvo gardar, var han med i styr og stell i bygdi i over 30 år. Han gav ut ei liti bok, "Rygnestadguten", som kom i fleire opplag. På sine gamle dagar var han omvisar på Rygnestadloptet, og selde vel boki til turistar. Elles hadde han av og til innlegg i "Agder Tidend", helst om lokalhistioriske emne.

I 1930 hadde "Agder Tidend" eit stykkje om han med tittelen "Medlem av heradsstyret i 33 år":

Det var knapt ei nemd eller ombod han ikkje hadde seti, og i mange nemnder var han formann. Dette må ha teki mykje av fritidi hans. Ein kan berre tenkje seg kor mange gonger han hadde gjengi den dryge mili frå Rygnestad til Valle på møte, og kome attende seint på kveld.


GRÅMANNEN | Sigrid Bratterud og Gråmannen | Sigrid Bratterud i Valle | GRÅMANNSSONEN
OLAV (e) | KETIL | SVEIN | OLAV (y) | ÅSMUND | ÅNUND | BJØRGULV

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera 29 april 2022