Famile sida Famile sida

Olav og Janets plass på Internett



Janet og Olav på shetlandstur



Mange turar har det vorte
Utsikt over Lerwick frå Sound. Vorda View i Lerwick, Auntie Jessie's hus. Tre små jenter på Shetland, 1973. Tre litt større jenter ved Vorda View på Shetland, 1978.

Som oftast budde me i Lerwick, for der budde mesteparten av den nærmaste familien.
Her er Lerwick sett frå Sound. Det andre biletet viser Vorda View som er namnet på huset til Auntie Jessie (tanta til Janet).

Etter at Janet hadde flutt til Rygnestad var der mange turar tilbake, det var veldig moro også når jentene var relativt små som bileta viser (1973 og 1978).
På det andre biletet står Adelheid, Hild og Kristin i hagen utanfor Vorda View.

Auntie Jessie fyller 90 år. Meir snart!
-
Når me finn bileta/bevisa!

I 1997 drog Janet over til Shetland for ei mini-slektssamling i anledning Jessie's 90nde fødselsdag!
Dei møttest frå fjern og nær.
Bak frå venstre: Gilbert Pottinger (Market Harborough, England), Lorna Kidd (Arbroath, Skotland), June Halcrow (Auckland, New Zealand), Janet.
Framme frå venstre: Christine, Gilbert Halcrow (Lerwick, Shetland), Janet "Jessie" Roberston (Lerwick, Shetland), Aileen Roberston (Edinburgh, Scotland).

 



Fin natur i fire hjørner!
På veg ut mot Hammerstead i skiftande vær. Klipper på Isle of Noss. Ein typisk landsby på Shetland.

I nord ligg blant anna Hammerstead, og kvar enn ein kjem er det skiftande vær. Enno lengre nord ligger øyene Yell og Unst, men me har dessverre ikkje bilete frå dei.

Mot aust ligg blant anna den vesle øya Isle of Noss. Her er det alltid mykje hekkande sjøfugl. Ta alltid med deg regntøy og støvlar! Langsetter austkysten finn ein mange koselege landsbyar med rolege bugter, slik som den på biletet i Sandwick med øya Mousa i bakgrunnen.

Utsikt over klippene i værbitte Spiggie. St Ninian's Isle i lågvann. Jarslhof: Bygningar frå bronse alderen til middelalderen. Utsikt frå Jarlshof til Sumburgh Head fyr.

I sørvest finn ein Spiggie. Klippene er steile og verbitte av vestavinden og Atlanterhavet.
Dessutan finn ein fine strender slik som på St. Ninian's Isle, i alle fall når det er lågvatn, ellers må ein vasse heilt ut til øya.

Lengst i sør finn Jarlshof med utgravingar av bygningar frå bronsealderen og heilt fram til middelalderen. Utsikta sørover tek ein heilt ned til fyret på Sumburgh Head - sørspissen på Shetland. Det er også der at hovudflyplassen ligg.



Dyrelivet
Beitande sau på Shetland. Beitande kyr med kalvar på Shetland. Shetlandsponnie med peat utgravingar i bakgrunnen. Fuglekikking på Isle of Noss. Tammie Norie, Puffin og Lundefugl.

Ein treng ikkje leite lenge før ein finn beitande sauer, kyr og shetlandsponniar. Her står også ponnien greitt til for å vise ein av dei mange "peat" utgravingane (brenntorv).

Andre dyr skal ein kikke betre etter for å sjå, slik som den vesle Lundefuglen som me prøvde å få auga på på Isle of Noss, aust for Lerwick. Dei gøymde seg godt i klippene så me viser eit frimerke i staden. Kjært barn har mange namn: Puffin, Fratercula Arctica og lokalt - Tammie Norie!



Litt krigshistorie
Utsikt over Scalloway med Scalloway Castle. Minneplate for 'Shetlandslarsen' og alle andre involverte i Shetlandsbussen under 2dre verdskrig. Skogane på Kergard.

Scalloway var ein av hovudhavnene der fiskebåtar kom i land med norske flyktningar under 2dre verdskrig. Båtferdslen var kjent som Shetlandsbussen, og ei minneplate fins på kaia i Scalloway til ære for Shetlandslarsen og alle andre som sette livet sit på spill i rutefarten mellom Noreg og Shetland.

Der er ikkje mykje skog på Shetland, men dei nordmenne som kom seg trygt over under krigen fann fort Kergard (biletet) og gøymde seg ofte der.






Familie sida Familie sida
Tilbake  |   Toppen av Sida  |   Framover

Web design av Hild Rygnestad
Sist oppdatera october 2024