Pilgrimstur til Israel i Påska 2005


Tilbake til familie sida   |    English version

Etter forslag frå Olav Andreas Dovland (Olav sin svoger) vart det, for meg, lagt opp til ein uvanleg og interessant påsketur i 2005. Det var også litt spanande så eg måtte ta litt tid før eg endeleg svara 'JA' til å bli med. Ein må jo tenke seg om, men hadde eg sagt 'NEI' så trur eg nok eg hadde trega. 'Bruk tida medan ein har den' seier eg ofte. Så me pakka og la iveg.

Den 17nde mars reiste eg med buss til Kristiansand og overnatta der. Neste dag gjekk turen med tog til Oslo lufthamn på Gardermoen. Der møttest 33 ivrige folk i reisefølget vårt. Me sjekka oss sjølv og baggasjen inn med pass og billettar utan mykje om og men.

Mange av oss i reisefølget var på vår første pilgrimstur. Me var alle veldig spente. Olav Andreas var med for 8nde gong så kan hjelpe oss med å svar på dei spørsmåla me hadde - og det var mange av dei. I tillegg hadde eg førebudd meg ekstra med å lese boka til Oslo biskopen Kvarme. Der fann me reisande mykje nyttig informasjon.

Etter kvart kom me fram til Frankfurt der me måtte skifte fly. Me skulle over i ein Airbus A330 for å fly vidare til Ben Gurion Airport. Men det skulle ikkje gå korkje fort eller lett. Me måtte gjennom ein veldig omfattande sikkerheitskontroll før me fekk gå ombord i flyet. Dessutan var flyet stappfullt. Til slutt kom me oss avgarde og fram til Tel Aviv - Tidleg tidleg på morgonen den 19 mars. Faktisk var klokka berre 4:00 om morgonen og me kjøyrde også ei stund i buss før me endeleg kom fram til hotellet vårt, Tal Hotel, klokka 7:00! (sjå bileta)

Vårt første hotel.
Olav Andreas Dovland saman med Gudrun og John Ryen frå Os i Østerdalen
Første test av senga på hotellet.
Eg slapper av etter ein lang bus/tog/fly/busstur frå Rygnestad til Tel Aviv.

Me fekk morgonmat kl 7:00 då me kom fram til hotellet, og så var det tid for ein liten høneblund etter den lange reisa. Det er langt mellom Rygnestad og Tel Aviv først med buss, så med tog, så med to fly, og ein buss.... Alt var nytt og spanande så det vart likevel lite søvn. Eg fekk meg ein liten ettermiddagstur langsetter Middelhavet. Stranda var fin og temperaturen god for ein Valldøl på tur frå vinter-Noreg.

Så byrja aktivitetene. Me samla oss for den første presentasjonen. Blant anna lærte me at medan me var på rundtur måtte me minnast og alltid ha på 'rette' klede på heilage plassar. Då skulle skulder og knær dekkast til. Med så mange i følget så må ein bruke tida godt på å bli kjende med kvarandre. Folk kom frå Sør Trøndelag, Østerdalen, Tana, Oslo, Moss, ja og så ein Setesdøl. På presentasjonen så møtte me også Rina Rech. Ho skulle vere guiden vår, og det viste seg at ho var ein utståande guide for oss. Ho var fødd i Sverige og budde no i Kibbutz med mannen sin. Flink var ho i språk og tala svensk, engelsk og hebraisk. Ho fortalde oss at mor hennar var ei av dei som vart redda frå Auschwitz. No hadde me også møtt bussjåføren vår. Han var særdeles god til jobben sin og bussen var også god. (sjå bileta)

Bussen vår Bussjåføren vår.

Sundag, 20nde mars, reiste me avgarde norover frå Tel Aviv mot Haifa og Akko. (sjå bileta)

Vatnrenne nord for Tel Aviv
Den gamle vatnrenna var mange kilometer lang, svære dimensjonar og bygd for hånd som alt anna me såg.
Bahai Templet.
Bahai Templet i Haifa var det mest velstelte og imponerande anlegget me såg på turen. Parken var kjempefin..

Så køyrde me vidare austover frå Akko gjennom Galilea og kryssa Jordan elva. Elva var mest heilt tørr. Me endte til slutt oppe på Golanhøgda og då me kikka mot nord såg me snø på Hermon fjellet!! Det var i kontrast til det tørre elveleiet.

Mot aust såg me over til Syria. Her var det mange krigsminne å sjå. Det er utruleg at dette hendte for ikkje så lenge sidan. Etter denne stoppen reiste me vidare på kryss og tvers i området nord for Genesaretsjøen. Her var det mange kjente plassar som vi har lese om i bibelen og bibelsoga.

Utsyn mot Syria i aust
Vegen er grensa til Syria - sett frå Golanhøgda.
Turens første foss, i Gallilea.
... dette var ikkje akkurat ein kopi av Vøringsfossen!!
Alle stilte opp til fotografering Mange byggestilar vist med nokre eksempel på alder.

Så gjekk turen til sjøs! Me steig ombord i båt for å segle rundt på Genesaretsjøen. Turen inkluderte besøk på eit anlegg for oppdrettsfisk på Ein Gev (Kibbutz). Det strekte seg over svære områder. Alt vatnet vert rensa og bruka omatt. Sjefen på anlegget var mannen til guiden vår, og han kjente godt til oppdrettsanlegga i Noreg.

Oppdrettsfisk i Ein Gev.

Båten vår. Båttur på Genesaretsjøen.

Hotellet vårt på Ein Gev (Kibbutz) var som eit paradis. (sjå bileta).

Olav Andreas på hotellet i Ein Gev. Eg på hotellet i Ein Gev.

Utsikt over ørkenen.
Me tok taugbanen opp til Maseda. Her var det fin utsikt sjølv om det var heller tørt.
Flaut som ein kork!!!
Eit av måla mine med turen var å få bade i Dødehavet. Det var gama å prøve å flyte på vatn - her medan eg las kartet! Advarselen var at fekk ein i seg meir enn ein halv kopp av vatnet så måtte ein straks til doktaren...

Me drog vidare opp til Jerusalem. Der var det mykje å sjå av det ein har lært om også frå avisa og TV. Det var følelseslada å gå tur på Via Dolorosa der Jesus bar koset sitt til Golgata. Me var også innom Klagemuren. Der måtte me bruke Kipa (ei slags lue) slik som jødane brukar. Det er ein dramatisk by - slik det har vore til alle tider.

Sjåføren og bussen fekk ikkje lov til å kome inn i Palestina så me måtte bytte buss på grensa før me køyrde inn i Betlehem. Det var eitt sjokk å sjå kor forfalle alt var der. Det krydde av tiggarar så unge som 5-6 år.

Utsikt over Jerusalem.

Getsemane.
Turistane - inkludert oss - fekk ein demonstrasjon av bruk av trekkdyr.
Fødselskyrkja i Betlehem
Fødselskyrkja var ei oppleving! Å sjå på all den fine dekoren (arkantus) var overveldande spesielt for ein som er så glad i treskurd.

Me såg gamlebyen med mykje mylder og ståk og alle konfliktane som er der. På kveldstid hadde me også ein busstur i det nye Jerusalem. Desse var to svært foskjellige verdenar å vere i. Seinare hadde me ei samling på Oljeberget. Det var ei gripande stund. Me førstegongspilgrimar vart vigsla som ekte pilgrimar.

Sundagen (27 mars) vart den sterkaste oppleving på heile turen. Me gjekk gjennom Holocaust senteret i Jerusalem. Her hadde dei tent tre levande ljos med speglar plassert omkring slik at det vart 1 million ljos etter dei små borna som vart myrda av nasistane. Namn og alder og kor dei kom frå vart opplesne. Det måtte ta veke etter veke å nå gjennom heile lista.

Dette var grufullt. Me gjekk også ei stund gjennom avdelinga til dei vaksne. Dei viste film med lyd og bilete frå forfylgjinga og dødsleirane. Eg kjende att korleis det snørte seg saman når nasistane og tyske soldatar kom på rassia heime hjå oss. Det var fælt sjølv om me ikkje hadde krigshandlingar hjå oss. Eg måtte kome meg ut etter ei stund - sat ute og gret. DETTE MÅ ALDRI GLØYMAST.

Holocaust senteret i Jerusalem.

Det Heilage Landet

Dette er eit land som er djups splitta - merka av krig og naturkatastrofar i mange tusen år. Jordskjelv har også fare hardt mot dette landet. Problema her ser ut til å vere uløyselege. Det er nok ikkje berre religion og krig som er skuld i dette. Kampen om naturressursane her er også hard.

Vi var passa godt på av bevæpna politi og militær. Der var mange pågåande tiggarar som gjekk i gjengar. Nokre gonger var eg nære på å bli rana. Regelen var at ein ikkje måtte have meir på oss enn vi hadde råd til å miste.

Ein dag vi var i Jerusalem oppdaga eg brått at eg hadde pyjamasjakka på meg! Unnskyldninga mi er at ho ser ut som ei T-skjorte. Eg er nok den første turisten som har gjenge rundt i Jerusalem i dette plagget!! Eg er spent på å høyre kva Janet seier om dette. Truleg viser dette at eg treng nokon til å passe på meg.

Eg er glad for at eg fekk sjå det heilage landet med mine eigne augo. Takk til Olav Andreas som kunne fortelje meg så mykje om dette landet. Han har gode kunnskaper om landet og folket. Eg kom heim med mange gode inntrykk og fekk eit lite innblikk i konfliktane som finst der. Takk også til Janet som måtte vere åleine i påska. Ut å reise er verdifullt for meg.

Olav H. Rygnestad
Mars 2005

Tilbake   |   Toppen av Sida   |   Framover