Janet, og dei fleste andre som har vore på Grønelid likar godt å varme seg ved
peisen i stoga.
I den store stoga står eit gamalt bord med plass til mange sultne gjester. I
den andre vesle stoga på Grønelid brukte det gamle kjøkkenet å vere. No har
ein gamal lenestol ("Flystolen") funne vegen opp på heia!
Der er to soverom med plass til 8 menneske i alt. Er der fleire gjester så kan
ein godt ta sofane i bruk.
Når ein har sove og ete så kallar ofte naturen, og på Grønelid ligg toalettet
(ikkje WC) uthuset ved sida av hovudhytta. Der er også eit anna uthus der for
å lagre ved og anna. Enkelte snørike år må ein også rekne med tid til å grave
seg fram og/eller ned til uthuset!