Ferietur August 2009


Tilbake til familie sida

Ferien starta torsdag 6te august frå Systog. Me reiste vestover mot Voss - om Brimnes. Me hadde litt duskregn på vegen over.

Klokka 17 kom me fram til Voss og fekk rom på hotell Jarl. Deretter spasera me ned til den gamle jernbanestasjonen for å få oss litt middag. Janet hadde kylling med pommes frites medan Olav fekk Evangerkurv. Det smaka godt!

Fredag 7nde august tok me E18 i retning av Gudvangen. Skal ein køyre langt må ein ha mange pausar, så me stoppa for å få oss ein "bie+bite".

Spildefossen, Granvin. Me stoppa på Gudvangen og kjøpte wienerbrød og kaffe.

Etter pausen køyrde me vidare til Flom. Der tok me oss god tid for å kikke rundt. Det var mange turistar over alt. Me tok ikkje Flomsbanen denne gonga.

Me køyrde vidare langs E16 om Aurland og verdens lengste bil tunnel: 24.500 meter. Turen gjekk til Eri og ned til Lærdalsøyri. Målet vårt var Tyinnkrysset og dei flotte hyttene der. Der var me for mange år sidan og likte godt den høge standarden.

Janet med bilen i Flom. Strandliv også i overskya ver - Lærdalsøyri.

Me tok ein kveldstur til Eidsbugarden. Heldigvis så hadde me opphaldsver sjølv om sikta ikkje var så god.

På tur til Eidsbugarden. Pause langs vegen.
Eidsbugarden Hotell. Brygga ved Eidsbugarden Hotell.
Framme på Tyinholmen med fantastisk utsikt.

Laurdag 8nde august reiste me over Valdresflya mot Vågå. Me stakk også innom Gjendesheim der det var mange turistar att. Snarvegen gjekk då over Sel til Dovre og endeleg til Dombås.

Hytter og lopt-hytte på Dombås.

Sundag 9nde august køyrte me vidare langs E6 mot Berkåk, ned til Orkanger, og vidare til Selva. Me tok så ferga over fjorden frå Valset til Brekstad.

Me fekk plass på Ørland Kysthotell. Det er eit kombinert hotell, kommunesenter og kulturhus med høg standard på roma så me likte oss der. Dessverre var det vanskeleg å finne middag. Til slutt måtte me kjøpe gatekjøkken mat (kjappmat).

Me tok ferga over fjorden til Brekstad. Me overnatta på Ørland Kysthotell.
Ørland Kysthotell. Statue på Ørland Hotell til minne om den berømte vevkunstnaren Hannah Ryggen.

Måndag 10 august reiste me vidare om Åfjord til Namsos. Me kom fram til Namsos Camping på ettermiddagen. Det er nært på flyplassen og me var ein tur innom Vinmonopolet først. Neste dag vakna me til regn. Me vart verande her i 3 netter.

Hytta vår på Namsos Camping. Namsos Camping.

Me tok ein båttur til Rørvik.

Janet ombord i båten. Rørvik.

Torsdag 13nde august tok me riksveg 17 til Brønnøysund. Der fekk me hytte på Torghatten camping. Det viste seg å vere god standar på hytta. Me fekk middagsbuffet som smaka veldig godt. Sjølv om vinden var litt kald så gjekk me ein lang spasertur på kvelden.

Fredag var det regn og kaldt og me bestemte oss for å køyre austover mot Sverige. Me tok vegen gjennom Hattfjelldal.

Hytta vår ved Torghatten. Hattfjelldal kommunesenter.

Me kryssa riksgrensa til Sverige ved Røssvatn. Vegen var fin og det gjekk fort avgarde. Ein kunne fint køyre 90-100 km/time... etter ei stund... endå fortare!!! Til slutt endte me opp på ei hytte på Ansia Camping i Lycksele (Lappland). Det var ein fin camping plass med særdeles høg standard. I tillegg var det billig!

Olav på riskgrensa ved Røssvatn. Janet i hytta vår på Ansia Camping.
Hytta på Ansia Camping

Laurdag den 15nde august var Janet sin dag. Alder ukjent! Me sette nasen mot Umeå Camping og stoppa ved ei fin kyrkje. Me venta til me kom fram til Umeå før me feira Janet med ein betre middag.

Ei fin kyrkje på vegen til Umeå.

Sundag 16nde kom me fram til Østersund Camping klokka 15.00. Det regna mykje og me var ikkje i festlag. I staden hadde me middag på hytta - med god drikke.

Måndag var Røros vårt neste mål. Det vart ein våt dag. Janet var uheldig og fekk ein flått på armen då me var ein tur i skogen på den svenske sida. Ho ringa til Ingunn som gav råd. Det var ikkje nokon fare og me rensa såret med pyrisept. Ellers handla me ikkje før me kryssa grensa tilbake til Norge så me smugla ikkje!

Neste dag vakna me opp på Røros or reiste vidare mot Alvdal og til Atna over Venabygdfjellet.

Pause langs vegen.

Til slutt kom me oss fram til Keidal og Jotunheimen Camping i Randsverk. Her fekk me finnbiff til middag. Det smaka godt.

Jotunheimen Camping.

Onsdag den 19nde var det på tide å tenke på heimturen. Me køyrde mot Hardanger over Valdresflya - om Geilo og til Eidfjord.

Eidfjord Hotell.

Torsdag 20nde kom me heimatt. Vegen gjekk gjennom Odda og me retunerte klokka 15 etter 15 dagar på reise. Me køyrde 3.988 km og det er ca. 265 km per dag i snitt.

Me hadde ikkje uhell av noko slag. Det er moro å reise rundt slik og me sleit ikkje ut musea der me for! Som vanleg er det helst kjøpesentra me brukar. Dessutan vert det jo mykje vasking etter 15 dagar på tur.

Det er ingen som veit kor mange slike turar me har vore på sidan 1964, men det mange og det har vore moro - kvar gong.


Takk for turen
Janet og Olav
August 2009

Tilbake   |   Toppen av Sida   |   Framover