Sauer var levemålet - Rasen var hovudsakeleg Dalasau
|
|
|
|
Me hadde alle vår favoritt sau.
Denne var Olav's og heitte Min-Sau.
|
Om sommaren gjeng sauene fritt på fjellet/heia.
Her er det idyll i Kvæven, som er støylen der me samla sauene saman kvar haust for vegen heim til Rygnestad.
Sauehunden Debbie passer på!
|
|
|
|
Ei stolt mor med lam.
|
Lamma kjem ut av fjoset for dei første få solstrålene om våren.
Då vart det fart mens dei sprang fram og tilbake mellom huset og fjoset.
(Foto: Nina Vik).
|
Olav laga eit eige hus til tåtelamma (lam utan mor).
Der fekk dei mjølk (kalvegodt) og kraftfor så dei kunne vakse seg store.
I nokre tilfelle vart eit lam fora opp som tåtelam, spesielt viss det var ein trilling eller firling for då var der ikkje nok mjølk å få hjå sauemora.
|
|
|
|
På det mest hektiske var det vigtig å fargemerke lamma og sauene så ein kunne hjelpe dei å finne heim til mor att.
|
Verar treng også luft om vinteren!
Ein spasertur med Hild og Adelheid, 1981.
|
Når det ikkje var behov for å jage sauene, var Sue fort til å skaffe vener blant 'fienden'.
|
|
Har ein sauer bør ein ha sauehundar!
|
|
|
|
Sue var den første sauehunden vår i 1976. Ein svart og kvit Border Collie. Ho måtte lære å vere sauehund samtidig som me lærte korleis ein skal trene og eige ein hund. Ho var alltid lydig og hadde eit favoritt leiketøy for når ho ikkje arbeidde: Takk-Takk. Takk-Takk var ein liten plastikk bjørn/dokke med ein iskrem i handa. Dokka peip når ein trykte på henne. Sue var mykje Olav sin kamerat.
|
Etterkvart som Sue vart gamal byrja me trene Debbie, også ein svart og kvit Border Collie. Debbie var meir sart og litt meir ukonsentrert enn Sue. Likevel var ho god til å jage sauer. Debbie likte også Takk-Takk, men kunne ikkje legge leiketøyet frå seg når det var arbeidstid. Til slutt tygde Debbie Takk-Takk slik at der ikkje kom meir lyd ut av dokka! Debbie var mykje Janet sin hund.
|
Etter at Sue døydde var det atter på tide med ein ny sauehund (i 1988). Denne gonga fekk me ein tricolor Border Collie. Shep var redd for mørket - noko som passa relativt godt for me jagar så sjeldan sauer om natta. Sålangt var Shep den mest instinktive sauehunden me hadde hatt, og ho kom frå spesielt godt blod. Dessverre sprang ho ut framfor ein bil etter berre nokre få år, og me måtte avlive henne.
|
|
|
|
Shamu kom til Rygnestad i 1991. Ho vart den seiste sauehunden Janet og Olav hadde på Rygnestad. Adelheid og Tron har seinare hatt fleire hundar. Shamu er kalla opp etter spekkhoggaren i Disneyland i California. Shamu var god til å jage sauer, spesielt i samarbeide med Debbie. Shamu var ikkje så interessert i Takk-Takk (det var meir moro å springe etter Debbie - Biletet), men likte å tygge leiketøy i tusen bitar, slik som ein liten gul leiketøystraktor og eit teppe (bileta)!. Det var særleg Adelheid som trente og derfor arbeidde godt med Shamu.
|
Shamu og Debbie på Nasefjell på Setesdal Austehei.
|
|
Andre små og store dyr
|
|
|
|
Den første katten vår, Pussi, voks opp med ungane - her på musejakt saman med Ann Kristin i 1965.
Den andre katten vår, Kenny, kom til Rygnestad frå Hornnes i 1983. Han likte godt å sitte på fanget til Janet, når ho sat i godstolen og løyste kryssord.
|
Katten Trixie "passer på" alle undulatane.
På eitt tidspunkt var der 13 undulatar i buret på Rygnestad (hovudsakeleg var det Adelheid sin hobby).
Olav laga buret saman med Adelheid. Buret er eit kroskåp med plass for eit heilt tre!
|
Kaninane Limahl og Wham fekk heimelaga hus og inngjerding. Olav hjelpte Hild med snikkeringa, namngjevinga stod ho sjølv for.
|
|
|
|
|
Blakken var den første hesten på garden. Han var ein ordentleg gardshest før alt var gjort lettare med traktor.
|
Olav heng i halen på Stuttvig.
Adelheid, Hild og hunden Sue ser på.
Hovudsakeleg var hest Adelheid og Hild sin hobby.
Stuttvig var ein dølahest og var pensionert konkurransetravar.
|
Ute på tur med sparken.
Hild, Stuttvig, Adelheid og hundane Debbie og Sue.
|
|