PARKS CANADA VOLUNTEER PROGRAMRapport frå Norske restaureringshandverkarar (ved Olav H. Rygnestad) 16 mai til 4 juni 1999Eg fekk spørsmål frå Anders Haslestad (Riksantikvar) om eg var interessert i å ta del i eit utvekslingsprogram med Parks Canada. Dette var eit svært interessant tilbod sett frå mitt synspunkt, og etter ein del planlegging kom vi oss avstad den 16 mai 1999. Desse vart med: Knut Hamre, Etne, Norge; Bjarne Sunde, Jølster, Norge; Mattias Hallgren, Sverige; Patrik Bommelin, Sverige; og Olav H. Rygnestad, Valle, Norge Ved ankomst til Winnipeg fekk vi problem med innreiseløyvet, men med god hjelp frå Kym Terry ordna det seg til slutt. Første natta budde vi hos Familien Jenkins i Selkirk, og den 17. og 18. mai var vi på omvisning ved Kym Terry i Winnipeg og Selkirk. I Lower Fort Garry fekk vi vårt første intrykk av Canada i gamle dager. Dette var nyttig informasjon for oss. Den 19. mai helsa vi på dei kanadiske handverkarane. Vi vart svært godt mottekne, sjølv om det tok litt tid før vi vart kjende. Alt utstyret vart pakka i bilen, og vi starta på den lange turen til Fort Walsh (Mapel Creek) Saskatchewan. Det vart ein tur vi hadde stort utbytte av spesielt fordi dei kanadiske handverkarane var flinke til å orientere oss undervegs. For oss skandinavarar var alt i stor målestokk. Vi fekk ei grundig historisk innføring om Fort Walsh av Wayne Smith og Terry Danyleyko. Dei orienterte oss om kva som hadde vorte gjort av restaureringsarbeid på fortet når det gjalt: matrialvalg, arbeidsteknikkar og bruk av verktøy. Dette var nyttig informasjon før me tok fatt på den praktiske delen av arbeidet.
Trematerialer:
Det overraska oss at tømmeret vart lagra ute, utan tak og i uver. Trass i dette var tømmeret ikkje noko særleg skada. Men der var ein del sprekkar som ein måtte ta omsyn til ved spunsing.
Restaurering av mannskapshuset:
All råteskade på tømmeret vart fjerna inn til friskt virke som oftast inn til margen. Dei råteskada delane vart kutta opp med kjedesag og fjerna med stemjern og øks. All spunsing føregjekk på veggen - noko som medførte mykje håndarbeid. Øksa vart ikkje bruka noko særleg av dei kanadiske handverkarane. Derimot bruka vi frå skandinavia øksa mykje meir. I det heile teke var der mykje bruk av tekniske hjelpemiddel, slik som motorsagbenk. Maskina var rask til å sage ut ny spuns av rundstokk, og ein sparte dermed mykje tid. Som resultat var spunsen lettare og raskare å forme til veggstokken. For å feste spunsen til veggstokken vart det nytta 120-150 mm treskruar med 50-60 cm avstand (ein i oppkant og ein i nedkant). Ein kunne merke at skruen hekta spunsen godt mot stokken. Skruane vart senka til ca. 30 mm (diameter 15-20 mm) og plugga slik at fiberretninga vart korrekt. Pluggen vart lima med vatnfast lim. Dette var overraskande for oss skandinavarar fordi vi kun brukar tre-naglar i alt restaureringsarbeid. Dette var nok like overraskande for dei kanadiske handverkarane. Om det er haldbart å bruke treskruar gjenstår å sjå. Det skal nemnast at restaurering i Riding Mountain vart gjort på same måte for ca 10 år sida, og ein kunne ikkje sjå at treskruane hadde rusta eller slept taket. Dessutan hadde heller ikkje trepluggen lausna. Trass i dette, verka det kunstig på oss. Råteskada novhalsar og novhoder vart også fjerna og spunsa med nytt virke og deretter skrua fast. Men, vi var ikkje med på å kitte mellom laftestokkane då dette vart gjort av andre. Det skulle då nyttast leire og sand. I tillegg var der også forsøk på forskjellige målingstypar. Eit spørsmål er om det i det tørre klimaet hadde vore betre med naturleg ytterkant. Gjennom heile prosessen i Fort Walsh hadde vi (Knut Hamre, Mattias Hallgren og Olav H. Rygnestad) eit svært godt samarbeide med dei kanadiske handverkarane: Wayne Smith, Terry Danyleyko, Russel Markwart og Ivan Olvjic.
Andre besøk:
Den 28 mai fekk vi besøk av journalist Jos. Bjørkelid frå Valle (Agderposten). Det resulterte i ein artikkel i Agderposten den 26 juni 1999. Den 29 mai reiste vi alle til Riding Mountain. På turen stoppa vi mange plassar og såg på igongsette restaureringsprosjekt, blant anna St. Annes kyrkje. Eit anna eksempel viste at det nok dessverre var for seint å restaurere huset nær Neepawa (sjå foto i artiklen i Agderposten). Vi stoppa ved inngongsporten til Riding Mountain for å sjå på restaureringsarbeidet som var gjort for ca. 10 år sidan. Det var tydleg at det her var gjort godt håndverk. Riding Mountain er eit skogsområde som kunne likne på norsk natur: småkuppert og rikt på dyre- og planteliv. Det var verkeleg ei naturperle, og parken var tydleg ein populær plass. Her fanst alt ein turist kunne ynskje seg. Vidare reiste vi til Inglis, der vi såg restaureringsarbeide på ein kornsilo (elevator). Dette var også eit spanande prosjekt. Dei seiste dagane arbeidde vi på Lower Fort Garry, der vi telgja tømmer til gjerde og anna. Til seist besøkte vi kontora til Parks Canada i Winnipeg og fekk omvisning på dei forskjellige avdelingane. Dessutan helsa vi på sjefen, Greg Thomas. Han uttrykte ynksje om å kome på gjenvisitt til Norge.
Konklusjon:
Etterbruk:
Eg håper ein dag å kunne kome tilbake og sjå resultatet fordi vi har same diskusjonen i Norge: Det er ikkje alltid lett å få etterbruken av restaurera fortidsminne til å vere lønsam. Etter mi meining er det svært viktig å ta fortidsminna i bruk. Det er nødvendig for å kjenne til røtene våre og ikkje minst fortida vår. Takk til Kym Terry og Pat Wur for eit vellukka opplegg. Hjå familien Jenkins vart vi som ein del av familien, og den gode stemninga rundt matbordet vil eg aldri gløyme. Vi har fått mange gode vener i Canada. Takk til Anders Haslestad som gjorde det mogeleg for oss å gjere denne turen. På gjensyn Olav H. Rygnestad Valle, september 1999 |